RessursflytPersonvernerklæring
Logg inn
Tilbake til innlogging

Personvernerklæring

Her forklarer vi kva opplysningar vi behandlar, kvifor vi gjer det, og kva rettar du har.

Oppdatert 3. april 2026

Denne personvernerklæringa forklarer korleis Ressursflyt behandlar opplysningar om besøkande, kontaktpersonar og brukarar av tenesta. Vi har skrive henne i klart språk, slik at det skal vere lett å forstå kva som skjer med opplysningane dine.

Kven vi er, og kven som bestemmer

Ressursflyt org.nr. xxx xxx xxx, med adresse Voss, har ansvar for opplysningar som blir behandla når du vitjar nettsida vår eller tek kontakt med oss direkte. Når Ressursflyt blir brukt av ein kommune, skule eller annan verksemd, er det normalt kunden som bestemmer kva opplysningar som blir lagde inn i løysinga og kva dei skal brukast til. I slike tilfelle leverer og driftar vi tenesta på vegner av kunden. Det betyr i praksis at spørsmål om innhaldet i dataa dine ofte først bør rettast til kommunen, skulen eller arbeidsgivaren din, medan spørsmål om korleis løysinga fungerer, tryggleik og drift gjerne kan rettast til oss.

Kva opplysningar vi behandlar, og kvifor

Vi behandlar berre opplysningar som trengst for å levere tenesta på ein trygg og ryddig måte. Det kan vere kontaktopplysningar når du sender oss ei førespurnad, innloggings- og brukaropplysningar når du bruker løysinga, og opplysningar som kunden sjølv vel å registrere i Ressursflyt for planlegging, administrasjon og oppfølging. Vi behandlar også innstillingar som gjer det lettare å bruke løysinga, samt avgrensa drifts- og feilinformasjon for å halde tenesta trygg og stabil. Dersom AI-assistenten blir brukt i løysinga, kan samtalar og nødvendig tilleggsinformasjon lagrast for at funksjonen skal verke, for at du skal kunne sjå samtalehistoria di igjen, og for at svara skal kunne knytast til rett arbeidsflate og tilgangsnivå. Vi bruker ikkje slike opplysningar til marknadsføring.

Lagring, deling og rettane dine

Vi deler ikkje opplysningar vidare utan grunn. Der det er nødvendig for å levere tenesta, kan vi bruke leverandørar for drift, innlogging, e-post eller feilrapportering, men berre innanfor rammene av det som trengst for å få tenesta til å fungere. Vi sel ikkje personopplysningar. Opplysningar blir ikkje lagra lenger enn nødvendig for å levere tenesta, oppfylle avtalar, vareta tryggleik og følgje lovpålagde krav. Når opplysningar ikkje lenger trengst, sletter vi dei eller gjer dei anonyme der det er mogleg. Du kan be om innsyn, retting eller sletting, og du kan ta kontakt dersom du vil vite meir om korleis opplysningane dine blir behandla. Dersom du bruker Ressursflyt gjennom jobb eller skule, kan det vere raskast å starte med den lokale systemansvarlege din. Mener du at personvernet ditt ikkje blir teke godt nok vare på, kan du òg kontakte Datatilsynet.

Kontakt

Har du spørsmål om personvern, informasjonskapslar, bruksvilkår eller openheitsarbeid, kontakt oss.

post@ressursflyt.no

Kontakt oss